Bert's Blogg

Siste innlegg:

Blogginnlegg:

  • Bert Handrick

Orgellandskap i Volda kommune - del 1: Volda kyrkje

Oppdatert: 16. mai 2019


Regionen Sunnmøre er kjent for sine gode kor- og solosongarar. Og eg som kjem t.o.m frå eit anna land, kan med rett seie at dette er ikkje overdreven. Det som Singapur kan skryte over sin befolkningstettleik, kan Sunnmøre skryte over sin kortettleik: på snaue 9000 innbyggjarar har Volda kring 10 kor. Så kjem i tillegg korps, soloinstrumentalistar, kammermusikkgruppar, bands osb. Det kryr av musikkutøvande folk. Dette er veldig kjekt syns eg. Så er det også litt unikt. Eg veit ingen plass av same storleik i Tyskland som har så mykje å by på musikalsk sett.


Volda kyrkje

Volda kyrkje er grunna sin fantastiske akustikk eit sterkt ettertrakta lokale for konsertar og liknande arrangement. Volda kyrkjekor har sin heimstad her, og eg trur songarane i koret kjenner seg veldig privilegerte.


Som dei fleste kyrkjer i vår europeisk kulturkrets, har Volda kyrkje også eit orgel. Sjølvsagt. Historien fortel at befolkninga i Volda var veldig beviste over kor viktig det er å ha eit orgel i kyrkja. Etter at forgjengarbygget brant ned i 1929, så gav dei både eit nytt bygg og eit orgel i oppdrag - samtidig! Dette var i 1930. Kyrkja og orgelet sto ferdige i 1932. Dette gjekk altså veldig kjapt og fortel vel ganske tydeleg kor traumatiserande det måtte ha vore, å miste si kyrkje. Slik eg tolkar faktaene, så ville voldingane ha fått begge delar tilbake så fort som råd - både kyrkja og orgelet.


Orgelet vart bygt av det tyske firmaet Furtwängler & Hammer som holdt til i Hannover. Firmaet var av regional betydning i Middel- og Nordtyskland og kunne vise fram også nokre store instrument: m.a. St. Nikolaikirche og St. Michaeliskirche i Lüneburg (begge 48 register på 3 manualer og pedal), domkyrkje i Königsberg (68 register på 3 manualer og pedal, øydelagt 1944), Auenkirche i Berlin-Wilmersdorf (62 register på 3 manualer og pedal), Stadthalle i Hannover (124 register på 4 manualer og pedal). Firmaet eksisterte frå 1838 til 1937. Gründeren var Philipp Furtwängler som starta bedriften først åleine. I 1883 slå sonen hans, Pius, seg saman med Adolf Hammer til "Furtwängler & Hammer Orgelbau". Etter Furtwängler sluttar i firmaet, overtok Emil Hammer. Sidan då heiter firmaet "Emil Hammer Orgelbau". Dette firmaet er altså den direkte etterfølgjaren etter Furtwängler & Hammer Orgelbau.


Eg har leita etter ei liste med orgelverk som Furtwängler & Hammer bygde i løpet av sin eksistens, spesielt etter instrument frå 1930-tallet, men ikkje funne ei einaste spor etter orgelet i Volda kyrkje. Det syns eg er litt rart viss ein ser på det som Wikipedia publiserer i artikkelen om Furtwängler & Hammer Orgelbau. Nederst i artikkelen er det oppført fleire referanser frå ulike stadar, store og små instrument. Men orgelet i Volda som er eit mellomstort instrument (35 register på 2 manualer og pedal) og som truleg skulle vere noko unikt sidan det var eit utanlandsoppdrag, vert ikkje nemnd. På Emil Hammer Orgelbau si heimeside står det heller ingenting. Var Volda ikkje noko spesielt i firmaet si historie? Eller var kanskje omstende rundt heile byggeprosessen ikkje heilt optimalt slik at ein ikkje såg behov for å fortelje om det?


I dag kan vi med god samvett fastslå at planlegginga og oppstarten for bygginga ikkje var heilt vellykka. Det må ha vore skikkeleg hastverk for å få bygt den nye kyrkja. Hastverk kombinert med posttraumatisk stress, for å seie det slikt. Kyrkja skulle bli ferdig så fort som råd.

Men først måtte ein bli samde om kva kyrkje det skulle byggjast med: med tre eller med stein. Bygda var truleg delte når det gjald kva ein skulle bygge med. Den eine parten ville byggje opp att den gamle kyrkja slik som den var. Den andre parten ville ha noko nytt som skulle ikkje få sjansen til å brenne ned igjen med det same. Til slutt vant argumentet om brannsikkerheit fram. Arkitekten Arnstein Arneberg fekk oppdraget - og samtidig gjekk ein på jakt etter ein orgelbyggjar! Også her litt hastverk! Ein gjekk i forhandlingar med Brødrene Torkildsen orgelbyggeri i Åsen. Men plutseleg fant ein ut at det var like lurt - korfor dei gjorde det, har eg ikkje peiling om - å forhandle heller med Furtwängler & Hammer i Tyskland. Argumentasjonen for denne endringa måtte ha vore så kraftfulle "at Brødrene Torkildsen gjekk til sak mot lokale ildsjeler for ærekrenking". Slik formulerer det orgelkonsulenten frå Riksantikvaren, Stein Johannes Kolnes, som var på synfaring i Volda i 2017.


Har dette noko å seie for kvaliteten til orgelet? Ein kan jo tenkje seg at det må ha setja sitt preg på ein eller annen måte. Vanlegvis tar det 3 til 4 eller gar 5 år frå planlegging til ferdig resultat - når ein gjer det grundig. Men både kyrkja og orgelet i Volda blei bygt i kun 2 1/2 år! Samtidig! Dvs. at orgelbyggjaren hadde kun arkitektens teikningane til råde for å planleggje orgelets struktur og dimensjon. Dette var ein stor risiko både med tanke for plassering av alle delane og ikkje minst klangen. Det som er vanleg er nemleg at orgelbyggjaren kjem til kyrkja, tek mål i rommet, lyttar til akustikken, målar den, og så reiser han heim for å rekne ut pipemensurene, teikna planskisse for heile orgelet, kvar delane skal står, kor stor dei skal vere osb. Etter målinga av akustikken kan ein også berekne betre kvar lydrefleksjonen frå pipene inn til rommet skal gå. Alt dette var ikkje mogleg å gjennomføre i Volda sidan rommet fysisk sett ikkje var tilgjengeleg. Kvifor takka Furtwängler & Hammer "ja" til eit slikt oppdrag, då? Dette er eit mysterium. Skulle dette gå heilt feil, så var det fare for eit smell for firmaets omdømme. Så kva var det då som gjorde at dei gjekk med på dette? Eg trur at økonomisk press er årsaka. Konkurrentane pressa frå alle kantar. Dette var ikkje berre eit fenomen blant orgelbyggjarane. Alle handverks- og industribransjer var sterkt prega etter den store inflasjonen i 1920-tallet. Det var ikkje lett å få nok godt betalte oppdrag. Samtidig var det ikkje lett heller å byggje med høg kvalitet grunna dei høge materialprisane. Spesielt metall var dyrt. Det trengs ulike typar metall i orgelbyggeri: pipene er stort sett laga av metall (tinn og bly, kobber), også andre delar i speletrakturen er laga av metall - spesielt når ein byggjer med pneumatisk traktur. Då trengs det ganske mykje bly. Tinn var blitt veldig kostbart. Mange orgelbyggjarar i Europa brukte sink i staden for tinn. Sink var mykje billegare, men var ikkje så mjuk og god i klangen... I orgelfasaden i Volda kyrkje står det piper laga av sink. Dei er måla over med sølvfarge slik at sinken ikkje visast. Den mistar nemleg fort glansen sin og vert ganske mørk med tida. Som klingande pipe har sinkpipar ikkje den same gode klangkvaliteten som tinnpipar. Sink er derfor mindre populær blant orgelbyggjarane og organistane. Men dette metallet er også ein del av ei tidshistorie der alt var meir eller mindre prega av naudløysingar. Det kan jo vere at nokon syns det er viktig å ta vare på slike historiske tidsvitne, men eg personleg syns ikkje at ein må ta vare på eit orgel om ein kvar pris grunna ei slik historie. I mine auge er eit orgel først og fremst ein bruksgjenstand som skal fullføre si teneste i kyrkja i dag - og i dag har vi andre krav til eit instrument enn det var for snart 90 år sidan. I tillegg er Volda ikkje akkurat overlest med turistar og tilreisande organister som vil spele konsert her fordi orgelet er så unikt at ein må ha spelt konsert i Volda før ein skal dø. Tvert imot. Orgelkonsertar har vist seg å ikkje vere dei store trekkplastrane. Folk flest likar ikkje orgelmusikk. Kvifor? Folk kjem jo til korkonsertar eller når høgskuleorkesteret spelar. Folk likar å høyre på musikk framført i Volda kyrkje. Kyrkja er ettertrakta grunna sin veldig fin akustikk spesielt for vokalmusikk, men ikkje grunna orgelet sitt. Då kan ein lure på om dette har kanskje noko med sjølve instrumentet å gjere... Eg trur vi er godt tent med å ta med oss vidare denne tanken når vi skal sjå på spørsmålet om vi skal byggje nytt eller restaurere orgelet.


Kyrkjerommet mot orgelgalleri, Volda kyrkje

Før vi skal gå vidare vil eg seie nokre ord om klangstilen til Furtwängler & Hammer sine orgler generelt og stilen dei representerar. Den er nokså typisk for dei åra seint i 1800-tallet og i starten av 1900-tallet. Idealet i denne tida var ein seinromantisk klang: mjuke tonar saman med elektropneumatisk traktur som den gongen var den mest moderne teknologien. Den gav moglegheit for eit vist antall frie og faste forhandsregistreringar og meir spelekomfort med lett spelbare tangentar slik at organisten ikkje måtte bruke så mykje fingerkraft. Men trass desse fordelar, så fants det også ulemper. Den største ulempen var at presisjonen gjekk tapt. Det som gjorde orgelmusikken så stor i barokktida - nemleg ein avansert fingerteknikk for å differensiere klangen i starten og slutten av kvar einaste tone - så kalla artikulasjon, den var borte. Ein må sjølvsagt også vedkjenne at romantisk musikk satsa på eit heilt anna klangideal enn barokktida gjorde. Barokkmusikk lever av føringa av kvar einskild stemme, mens romantisk musikk fokuserer på klangfarger (instrumentering), harmonisering og dramaturgi. Er det mogleg å skifte ut instrument etter behov i barokkmusikk, så er denne praksisen heilt utenkjeleg og umogleg i romantisk musikk. Skilnaden mellom dei to stilepokkene kjem også veldig godt fram i orkesterets utvikling. Antallet av instrument i orkester har vakse betydeleg i andre halvdel av 1800-tallet. Eit barokkorkester har som basis styrkarar (2 fiolin, bratsj) pluss basso continue (cello, kontrabass, kanskje fagott og eit tangentinstrument) med supplement frå fløyte, obo og kanskje høg trompet og pauke. Dette er alt. I motsetnad så har eit romantisk orkester fire søyler å basere seg på: strykarane (2 fiolingrupper, bratsjgruppe, cellogruppe, kontrabassgruppe), treblåsarane (vanlegvis 2 eller 3 fløyter, 2 eller 3 obo, 2 eller 3 klarinettar pluss bassklarinett, 2 eller 3 fagottar pluss kontrafagott), messingblåsarane (3 eller 4 trompet, 3 eller 4 tromboner, 1 eller 2 tubaer) og alt slags slagverk (pauke, bekken, triangel, store tromme, militærtromme, rør-klokke, xylofon, marimbafon osb.). Skilnaden er tydeleg, og den viser tydeleg til idealet som står bak: linear tenking mot klangtenking - horisontal tenking mot vertikal tenking. Det er lett å forstå at denne endringa ikkje kunne gå forbi utviklinga på orgelfronten. Orgelet måtte bli større om det ville følgje etter. Og instrumentet måtte endre sin klangstil også.


Kjem vi altså tilbake til utgangspunktet: orgelet i Volda kyrkje. Etter snart 90 år teneste er instrumentet i ferd med å vise tydelege aldersteikn. Det er ikkje noko spesielt. Etter så mange år er det normalt at det byrjar å knirke her og der. Men sjølvsagt må ein gjere noko med funksjonaliteten. Det verste er jo at orgelet vert heilt stumt. Diverre er orgelet godt på veg dit. Her og der byrjar tonane å falle frå. Så langt har eg klart å "køyre rundt" desse problema for å ikkje vise dei f.eks. under speling i gudsteneste. Men kor lenge klarer eg det? Det vil kome nye overraskingar, og dei vil kome hyppigare i framtid. Årsaka er materialsvikt grunna alderen og klimatiske forhold. Det meste er frå 1930-tallet. Ikkje berre pipene og vindkassene, men også dei delane som er laga av skinn. Skinnet er såpass tynne at det er rett og slett utslitt. Men det er ikkje alt: I tillegg til materialet som byrjar å svikte fins det ei lekkasje i vindkassa heilt bak under svellverket som ein kan høyre veldig tydeleg. Det susar alltid inne i orgelet når ein har slått på motoren - også utan å ha trykt på ei einaste tangent. Men det er umogleg å få skaden reparert. Det er så trangt under og bak svellverket at ingen kjem seg fram. Kanskje har ikkje eingong orgelmusa plass... Det einaste som vil hjelpe er å ta ut alle pipene, alle vindkassene - altså heile orgelet. Deretter kan ein tette lekkasjen og så setje alt på plass igjen. Det blir kostbart! Veldig kostbart. For å forebyggje framtidige reparasjonar av same slag må ein helst omplassere svellverket, trekkje det litt fram for å skaffe plass bakom. Men så vert det mindre plass mellom hovudverk og svellverk. Har ein altså løyst eit problem, så står ofte nye problem allereie i kø...



Er det det verdt å betale så mykje pengar for så lite? Orgelbyggjaren Matthias Becker som gjer service hjå oss og andre kyrkjer rundt omkring, sa allereie for tre år sidan at vi må tenkje over eit omfattande inngrep for å få reparert alle dei utslitte delane. Han nemnde i tillegg til skinndelane og denne lekkasjen også spelepulten som er ganske nedslitt. Den er rett og slett brannfarleg med all den gamle elektrikken inni. Orgelet må også reinsast grundig. Det er lenge sidan at støvet har blitt fjerna frå pipene og frå vindkassene. Og så er det sjølvsagt ynskjeleg å ta grep om klanglege utfordringar som ikkje tilfredsstiller lenger. For eksempel skulle orgelet ha hatt ein tredje manual med 6 til 10 register som skulle supplere dei "klang-hola" som resten av registrene ikkje dekkjer i dag. Ein tredje manual gjer det også mogleg for organisten å variere spelet sitt meir. Desse nemnde "klang-hola" fins i registerdisposisjonen (stemmeoppsett). Kvifor fins det f.eks. ikkje eit Oktav 2'-register i hovudverket når ein har Prinzipal 8', Oktav 4' og Mixtur 4f.? Eit anna mysterium er at orgelet ikkje har Prinzipal 16' i hovudverket slik eit instrument av denne storleiken skulle ha hatt. Svellverket er godt utstyrt med stemmar. Ulempen berre er at heile svellverket er for svakt. Klangen blandar seg ikkje godt nok med resten, og som sjølvstendig verk eignar det seg kun som ekko-verk. Kanskje kan ein også gjere noko med pipeoppstillinga. I dag står pipene i kromatisk formasjon på rekkje og rad - noko som ikkje er ideelt med tanke på resonans og dermed klangen. Vanleg er å plassere pipene heiltonevis eller i ters-trinn slik at overtonane som nabopipene har felles, kan forsterke kvarandre og dermed forbetre klangen. Som eg nemnde før er lydrefleksjonen heller ikkje optimal. Ei av fleire årsaker er at dei tre orgelverk (hovudverk, svellverk, pedalverk) er plassert på ulike sidar: hovudverket står på venstre sida bak fasaden, pedalverket står på høgre sida, mens svellverket står bakerst i sentralt. Grunna den unike takforma i kyrkjerommet vert lyden reflektert i kvar si motsatt retning: lyden frå hovudverket går mot høgre, lyden frå pedalverket går mot venstre. Berre svellverkets klangrefleksjon er såpass "normal" at den går mot midten i rommet.


Orgel i Volda kyrkje

Eg trur det kjem tydeleg fram at det er mange ting som ikkje virker optimalt, og at det er eit resultat av hastverket som ein hadde i 1930-tallet for å få bygt kyrkja og orgelet som fort som råd. Alt som måtte endrast for å få eit meir ideelt klangbilete etter dagens krav og standart, vil koste mykje. Men skilnaden mellom prisane både for restaurering og nybygg ville ikkje vere så stor. Etter eit første overslag ville restaureringa nesten koste det same som eit heilt nytt orgel.


Er det då ikkje heller betre å byggje eit nytt orgel enn å berre reparere og supplere det gamle? Denne tanken gjev i alle fall moglegheit for å tilpasse klangen til dei reelle akustiske forholda. Det gjev også moglegheit for noko heilt nytt - "eit nytt landemerke" som orgelkonsulenten Kolnes kalla det. Noko som er meir presist og tydeleg i staden for ulmande og "svampaktig". Eg brukar her kanskje litt sterk karakteristikk, men forskjellen ville kome veldig tydeleg fram om ein f.eks. sett inn ein mekanisk traktur i staden for ein pneumatisk traktur. Viss ein i tillegg ville plassere pipene delt i C- og Ciss-side med heiltoneavstand, så ville dette også gjere noko med heile lydbilete. Pipeverka skulle då også plasserast sentralisert under takkrysset. Alt dette ville gjere at klangen vil bere betre og dermed fylle rommet på ein heil annen måte. Ville ein bygge nytt kunne pipene få ein akustisk tilpassa mensur. Spelepulten kunne få ein tredje manual der manual 1 og 2 f.eks. er like sterke, mens manual 3 er anten ein solo-manual eller ein ekko-manual. Og til slutt kunne ein rette opp feilen med det manglande Prinzipal 16'-registeret i hovudverket... Denne tanken er i alle fall veldig freistande, og eg må innrømme at eg foretrekk denne tanken heller enn tanken om reparasjon.


Volda sokneråd og Kyrkjelege fellesråd i Volda har starta med arbeidet om å få løyst orgelproblemet i Volda kyrkje. Dei har fått i alle fall saka på bordet og skal avgjere kva vi skal gå for. Tida går frå oss. Det hastar - men vi skal ta oss tid til å planleggje nøye denne gongen.



Heilt uavhengig av utfallet må vi skaffe ein institusjonell struktur som skal styre prosjektet. Dvs. vi skal danne ein orgelkomité som skal ha ansvar for prosjektet. Hovudoppgåva vil vere å skaffe pengar via sponsorar og offentlege støtteordningar. Ei veneforeining i tillegg kunne organisere konsertar til inntekt for prosjektet... Her er alle velkomne som er interessert å jobbe aktivt med prosjektet. Ta gjerne kontakt med meg om du syns det er noko for deg! Ta gjerne kontakt med meg også når du har nokre gode idear eller berre vil gje finansiell støtte!


Takk.

Registerdisposisjon - Orgel i Volda kyrkje (Furtwängler & Hammer, Hannover, 1931)


Hovudverk (manual 1 - 11 register):

Bordun 16, Prinzipal 8', Holzflöte 8', Gamma 8', Flauto dolce 8', Oktave 4', Rohrflöte 4', Nachthorn 2', Mixtur 4f., Trompete 8', Harfe (klokkespel), tremulant


Svellverk (manual 2 - 15 register):

Lieblich Gedacht 16', Gemshorn 8', Gedeckt 8', Quintatön 8', Salicional 8', Aeoline 8', Vox celestis 8', Blockflöte 4', Fugara 4', Quinte 2 2/3', Schwiegel 2', Terz 1 3/5', Sifflöte 1', Scharf 3f., Oboe 8', tremulant


Pedalverk (9 register inkl. 3 transmisjonar frå svellverket):

Prinzipalbass 16', Subbass 16', Zartbass 16', Oktavbass 8', Gedacktbass 8'*, Salicional 8'*, Choralbass 4', Schwiegel 2'*, Posaune 16' - (*= transmisjon frå svellverket)


Kobler:

II/I, I/P, II/P, Super II, Sub II, Super II/I, Super II/P


crescendo


2 frie kombinasjonar til forhandsregistrering

4 faste kombinasjonar (p, mf, f, tutti)

tungeregister av

crescendo av


elektro-pneumatisk spele- og registertraktur



© 2017 by Voldamusikk forlag Bert Handrick.

  • Facebook Social Icon
  • LinkedIn Social Icon