top of page

Bert's Blogg

Siste innlegg:

Blogginnlegg:

  • Forfatterens bildeBert Handrick

I Luthers fotspor - ei musikalsk reise

Oppdatert: 11. mai 2019



statue av Martin Luther framfor Frauenkirche i Dresden

Året 2017 var prega av ei stor hending som skjedde for 500 år sidan: ein tysk augustinermunk kom med nye teologiske tankar og utfordra den etablerte geistlege og politiske eliten med å spikre 95 teser på ei kyrkjedør! Dette var uhøyrt, rett og slett opprørsk! Og konsekvensene var store - visst nok.

Ikkje alt var berre bra i følgje av denne hendinga, men det meste gav nye moglegheiter til mange: skulegang for allmennheita, ein boom i biletkunst og musikk og ei ny nasjonal og lokal bevistheit for heile Europa.

Å feire derfor denne hendinga var eit "must" - også for kormiljøet i Volda.

Saman med ei rekkje lokale "vokalkjendisar" og musikarane i Quest gjekk Volda kyrkjekor og Volda Vokal saman om eit korprosjekt som var vel ganske unikt for heile lokale kormusikkhistorien sålangt: nær 85 songarar samla seg mange tysdagar og onsdagar i mange veker i over eitt og eit halvt år for å øve intenst på eit utfordrande program med a-cappella-musikk frå ulike epokar - inklusive ei urframføring.

Målet var å reise til Tysklands delstat Sachsen og syngje dette programmet 4 gongar i 4 forskjellige kyrkjer i 4 forskjellige byer.

Kvifor Sachsen? Jo, fordi Sachsen var det første fyrstedømmet som tok Luther si lære til seg - og fordi eg som er født og oppvaksen i Dresden, hadde dei beste kontaktene.

Koristane og musikarane i Quest har samla seg i Berlin

Måndag 3. juli 2017 møtt koret opp framfor sentralstasjonen i Berlin. Ein del kom frå ferien, ein del var allereie i Berlin, og ein del kom direkte med fly frå Norge. Sjefsreiseleiaren vår, Kjell Tore, hadde organisert to bussar frå eit reisebyrå i Polen. Dei henta oss og køyrte oss til Dresden der vi hadde bestilt rom på Art'otel. Hotellet ligg veldig sentralt, noko som var rett og slett ideelt for oss. Nokre minutt å gå til fots, og ein var midt i det historiske sentrumet.


Dresden Zwinger

Tysdag 4. juli 2017 var meir eller mindre ein dag til individuelt bruk. Eg hadde anbefalt å ta ein guida busstur gjennom heile byen. Dette viste seg å vere ein god idé som dei fleste fulgte etter.


Korøving i kyrkja i Dresden-Klotzsche


Onsdag 5. juli 2017 skulle vere vår første dag med synging. Vi køyrte med bussene våre til ei kyrkje i bydelen Klotzsche som ligg i nordkanten av byen. Kantoren der er ein av mine kjære studiekollegaene som gav oss tillatelse å bruke kyrkja til øvingslokale. Sidan vi ikkje skulle betale noko leige hadde vi avtalt å syngje ein mini-konsert etter øvinga. Dette blei godt tatt imot - sjølv om ikkje så mange hadde tatt seg turen til denne avsidesliggjande kyrkja. Uansett var det viktig og kjekt for oss.


St. Nikolaikirche i Geithain

Torsdag 6. juli 2017 reiste vi til Geithain, ein liten by med ein bykjerne frå renessanse- og barokktida som ligg mellom Leipzig og Chemnitz. Før eg kom til Volda, var eg kantor her, og kontaktene til folka her har eg framleis. Dei er kjekke og utruleg gjestfrie - noko som vi alle (over 80 stykkar!) skulle få kjenne på kroppen! Dei hadde organisert mat og drikke i store mengder og byrja allereie å servere etter vi kom inn i prestegarden. Så blei vi mette og lurte på kor vi skulle greie å syngje no! Vi skulle jo øve før vår første konsert... Men det gjekk bra. Og så gjekk også konserten bra. Kyrkja var nesten fullsatt. Det var veldig kjekt å sjå. Sjølv om eg har vore i Geithain berre 1 1/2 år, har dei ikkje gløymd meg. Eg blei verkeleg rørt...

Etter konserten blei vi invitert til grillmat med forskjellige slags pølser, pastasalater, salater og brus og øl... Dette var eit skikkeleg festmåltid. Morosamt var at presten kom med ei stor kasse med vinflaskar...


frå konserten i St. Nikolaikirche i Geithain (foto: Torleif Sagstad)

festmåltid etter konserten i Geithain

Dreikönigskirche i Dresden

Fredag 7. juli 2017 - på planen sto det konsert i Dresden. Eg hadde booka oss inn i ei av dei sentrumskyrkjene, Dreikönigskirche. Det var i 2014 at eg spelte her min første orgeleksamen. No skulle vi syngje her programmet vårt. Koristane likte seg godt i denne fantastiske akustikken. Det blei også ein fantastisk konsert - sjølv om det var ikkje så mykje publikum. Akustikken bidro at vi fekk klangen i koret meir uttrykksfull. Dei store linjene i kvar stemme kom tydelegare fram. Sånt sett var dette den beste konserten av alle fire på denne turneen.